Øyvind Flåt Åvitsland vart truleg fødd med ein 13 mm fastnøkel i handa. I motorsportmiljøet er han, trass i sin unge alder, vidgjeten for sin faglege dugleik når det gjeld stempelmotorar, forgassarjustering og rånebank. Øyvind fiksar det aller meste. Det er såleis ikkje tilfeldig at den unge Evjeguten i desse dagar er i full sving som verksmeister på den nye bilbanen på Finsland. Vamoen Motorsportsenter.

No er det travle dagar for Øyvind og resten av gjengen på Vamoen. Laurdag 13. juni, klokka 14:00 er ventetida øve. Då er det offisiell opning av den 1214 meter lange bilbanen. Ordføraren skal seie nokre velvalde ord før han klypper snora. Denne laurdagen vert på ein måte eksamen for Øyvind. 60 go-kartar og 4 formelbilar skal då ut på dei fyrste rundane. Øyvind kjenner kvar og ein av desse. Han he skrudd dei i hop – skrue for skrue. Kundane forventer at alt skal fungere denne dagen. Så langt tyder mykje på at det er stor interesse for det nye motorsportanlegget. Laurdag 13. juni kan det verte bilkø frå Hortemo til Vamoen.

Det er eit møysommeleg og tidkrevjande arbeid Øyvind he teke på seg. Fyrst skal alle dei 60 bilane pakkast ut – og monterast. Motorane må finjusterast. Kvar bil he 2 motorar – ein på kvart hjul. I fylgje fagmannen er det ein stor fordel om desse motorane er så tåleg synkronisert i høve til kvarandre. Øyvind Flåt Åvitsland skal i løpet av nokre hektiske dagar, kvelder og netter syte for at meir enn 120 Hondamotorar sviv jamnt og greit. Utan startvanskar, motorfusk eller perle på pluggen. Øyvind er rett mann på rett stad. Håndplukka til oppgåva.

Det vert uendeleg mange testrunder. Kvar einaste dag.

Kvar minste detalj må kontrollerast. På Vamoen setjast høge krav til både kvalitet og tryggleik.

125 ccm - 28,5 HK og toppfart på 140 km/t. Om få dagar vil det surre som i ei bikube på Vamoen. Bilane heng til tørk - klare til bruk. Øyvind he kontrollen på dette.

Lasse Liestøl er dagleg leiar på Vamoen. Han må stadig innom verkstaden for å sjå på den raskt veksande bilparken.Biletet syner heilt klårt at guten er stolt.

Nylagt asfalt. Banelengde på 1214 meter og formelbilar ( Formel 4 ) som kan kome opp i ein fart på 170 km/t - ikkje rart gutane på Vamoen he byrja nedteljinga. 15 tilsette i alt. Klare for den mest spanande sumarjobben i heile Songdalen. Laurdag 13. juni brakar det laus. Moisund.com vil då sitje i "pole-position." Garantert. Ordføraren lyt take til takke med 2. spor utvendig.





