x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Livet er ein Honda Goldwing 1800

Helle og HelgeHelge og Helle, med etternamn Antonsen.  Medan sola tek til å strekkje seg øve åskanten er dei to kjærastane i full sving med å ete morgonmat i teltopninga. Dei kom til Evjemoen seint fredagskvelden. Her fann dei fred og ro i familieleiren.  Dette er røynde turfolk og dei er ikkje ute etter dei mest heftige festane. Sesongen startar i påskebelet. Då dreg dei på MC-tur til Belgia. Samlingsstad for folk som køyrer Honda Goldwing.  Motorsykkelen, med tilhenger, tek mykje tid i livet til Helge og Helle. Ein livsstil.Helge bur stort sett på landevegen heile året. Guten er trailersjåfør og legg ikkje skjul på at han er godt kjend i Evjeområdet. I tillegg køyrer han og Helle 15-20000 km kvart år på motorsykkelen. Alltid med tilhengeren på slep – og Helle som stødig kartlesar. I baksetet. Vinteren er ei lang og smertefull ventetid men då nyttar dei tida til å drive organisasjonsarbeid i  «Goldwingklubben.» Helle er norsk representant i det internasjonale styret.  Her talar me om ein stor og omfattande internasjonal samskipnad . Til hausten går turen frå Drammen til Luxembourg. I mellomtida vert dei truleg å finne på fleire motorsykkelstemne kring i landet. Helle programmerer GPS maskinen og Helge køyrer etter instruks frå baksetet. Han er litt i tvil kven som kjeftar mest.Helle – eller den forb… kjerringa inne i GPS – maskinen.  Me ynskjer dei god tur heimatt, til noregs største vegkryss. Drammen.

Helle og Helge

img_9040

Stengt for kommentarer.