x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Aase Landbruk etablerer seg på Hægeland.

mcAase Landbruk he hovudsete i Sandnes i Rogaland. Dei he og avdelinger på Frakkagjerd ved Haugesund og på Sande i Sunnfjord.  I  løpet av få dagar vil verksemda etablere seg på Hægeland, i dei same lokala kor Wikstøl Maskin tidlegare heldt til. Dette stadfester Martin Aase, hjå Aase Landbruk i Sandnes, til moisund.com i dag. Verksemda er importør for Mc Cormick traktorar og er og forhandlar for maskinar og utstyr frå Lena Maskin.  Martin Aase seier at fleire av dei som tidlegare var tilsett hjå Wikstøl no vil få tilbod om jobb i den nye verksemda. Når det gjeld vareutval, og butikkdrifta forøvrig, så er det her tale om lokal tilpassning seier Aase. Om få dagar tek dei til å klargjere forretninga. Offisiell opning vert truleg ikkje før 18. – eller 19. juni. Aase Landbruk he dreve med salg og sørvis av traktorar og landbruksmaskinar sidan 1974. Røynde folk.

Stengt for kommentarer.