x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Morgonstemning ved fjorden.

dsc_0010Tidleg sundag morgon med kurs mot Neset Camping. Målet er å lage ein reportasje om stemninga på ein campingplass medan folk kokar kaffe og et morgonmat. Fjorden ligg blikk stille. Campingplassen er minst like stille. Einaste teikn til liv er to svarte kaninar som hekker under ei Polaris campingvogn – og Bjørn frå Hauge i Dalane som he mista 3 liter gearolje på ein gamal Caddilac. To motsetninger. Livsglede og livskrise. Kaninane vert raskt ferdig. Dei he røynsle for slikt. Bjørn ser føre seg ein lang arbeidsdag. Ikkje i solveggen, men under bilen. Olje i panna, grønske på skjorta  og maur i undebuksa. Veteranbilar krev sin mann.

Heilt nede ved vasskanten freistar me å intervjue noke  som ser ut til å vere eit gildt og velvakse kvinnfolk. Ho var frå Gjøvik.  Det vert ikkje slik. Makan til røykhoste he me aldri nokon gong høyrd maken til. Truleg eit heilt ordinært morgonritual.  Pall Mall utan filter – og pulverkaffe i eit krus. Me gjev opp den gode samtalen.  Kvinna vinker farvel og ristar på hovudet. Fotografiapparatet vert liggjande i sekken. Nekrologar lyt andre take seg av.

dsc_0033

Bjørn Mysse er frå Hauge i Dalane. Han er på Am Car- treff på Neset Camping. Ekte rogalending med fast jobb i Nordsjøen, penger på bok og kjærleik til amerikanske bilar. Heime i garasjen stend 3 utgåver av slekta. Denne helga er han på Am-car treff på Neset Camping.» Ein fantastisk stad å vere » seier Bjørn. Han syner stolt fram ein Caddilac Eldorado 1974 mod. Vil ikkje høyre tale om drivstofforbruk pr. mil. I dette miljøet talar ein heller om kor mange tankar bensin ein bruker i løpet av sesongen. På den måten held ein miljøkrisa eit grann på avstand.dsc_0030

Under panseret skjuler det seg eit kraftig maskineri. Motorvolumet er på 8,2 liter og kan på det meste yte 400 hestekrefter.  På ein tur til Storstraumen laurdag føremiddag forsvann det meste av gearolja. Bjørn hisser seg opp når han talar om dagens moderne bensinstasjonar. » Dei veit kva folk skal ha på pylsa, men he ikkje peiling på kva folk skal ha på bilen.»  Laurdag måtte han omtrent heilt ned til byen for å få tak i gearolje til Caddilacen.

Bilen he Bjørn sjølv importert frå Amerika. Legg merke til kuleholet i venstre framskjerm. Denne bilen he hatt ein tøff oppvekst. Kulehol, frå eit håndvåpen kal. 22 he sett djupe spor i dei tjukke karosseriplatene.

Bilen he Bjørn sjølv importert frå Amerika. Legg merke til kuleholet i venstre framskjerm. Denne bilen he hatt ein tøff oppvekst. Kulehol, frå eit håndvåpen kal. 22 he sett djupe spor i dei tjukke karosseriplatene.

Caddilac -57 mod. Denne staslege bilen var, i fylgje truverdige kjelder, med på fleire sstore filminnspelinger " over there " før han vart henta til Noreg.

Caddilac -57 mod. Denne staslege bilen var, i fylgje truverdige kjelder, med på fleire store filminnspelinger " over there " før han vart henta til Noreg.

Eit fantastisk eksemplar.

Eit fantastisk eksemplar.

dsc_0054

dsc_0021

dsc_00452

dsc_0065

Stengt for kommentarer.