Det luktar tjære på Moi. Ekte tretjære. Nede ved åna treff me på Svein Hannås og Arne Rislaa. Dei er i full sving med å produsere ekte tretjære. Bygningsmassa treng naudsynt vedlikehald, og då er det berre tretjære som er turvande. Ein gamal tradisjon vert teken vare på. Den eine bytta etter den andre vert fylld med gloheit tretjære. På den opne marknaden er slikt verd si vekt i gull. Ikkje på Moi. Her brenn dei heime – men berre til eige forbruk. Det vart ein spanande skuletime.

Rislaa gjer klar produksjonsutstyret. Noke er løyndom, og kan ikkje filmast.

God "tøre" er råstoffet for eit vellukka sluttprodukt.

Turr grånkvist, lagt i tønna i eit eige system, sikrar den rette temperaturen.

Etter ein snau halvtime tek spanande ting til å skje. Fyrst kjem røyken sivande ut or røyret. Så kjem " det svarte gullet." Det luktar tradisjon nede ved åna.

Edle dropar. Produsentar er Svein Hannås og Arne Rislaa.

Morten fyer spend med når pappa tømer tretjæra opp i plastspann for vidare lagring.


Etter få minutt med produksjon he Svein ein halv pøs med flytande tjære. Så vert han eit grann tankefull. Svein tenkjer på styresmaktene som vil forby - og svarteliste all oljefyring. " Se på dette " seier Svein." Kor mykje slik forureining trur du kjem opp or pipene i bustadhus i løpet av ein lang vinter. Her ser du resultatet etter ein liten halvtime." "Styresmaktene er på villspor" seier mannen som tener til dagløna ved å levere fyringsolje til folk. Likevel - Svein he nok mykje rett i dette. Det er ikkje politisk korrekt å angripe vedfyring. Det er så mykje lettare å gå til åtak på storindustrien. Oljeindustrien.





