x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Skibsplast ser ljos i tunnelen

skibsplastDet ser no ljosare ut for Noregs eldste plastbåtprodusent. Etter finanskrisa og ein vinter med full stopp i produksjonen, og med arbeidsstokken ute i 50 % permisjon. Frå midten av april har dei tilsette vore i fullt arbeid  sjølv om produksjon av nye båtar enno ikkje går for fullt. Medan verksemda i fjor hadde 70 båter på lager fram mot ferien, så er talet i år 30. Dette i fylgje Rune Skibsrud. Han er glad for at dei no satsar på mindre båtar og ikkje båtar i millionklassa. Her er marknaden mykje tregare.Det er i fyrste rekkje båten av modellen 660 DC (sjå foto) som har vorte ein suksess. Ein båt for ei vanleg lommebok. Denne modellen har det blitt produsert 50 eksemplar av til no, og det meste av desse er alt seld. Skibsplast har i dag 25 tilsette medan ein i «glansdagane» hadde heile 43 personar på løningslista. All produksjon vert no teke hand om i eigne lokale medan ein tidlegare hadde ein del leigeproduksjon. Rune er optimist, men er samstundes  oppteken av at produksjonen i dag ikkje er meir enn det halve av kva han var tidlegare.

Foto: Skibsplast

Foto: Skibsplast

Stengt for kommentarer.