Dette er nok eit døme på at bygdebladet moisund.com fær stadig nye lesarar kvar einaste dag. Det vil nok likevel vekkje mykje åtgaum når ein her kan dokumentere at fleire av gutane på Stortinget nyttar denne nettsida som startside på sine datamaskinar på Løvebakken. Tidlegare statsråd, og miljøvernminister, Knut Arild Hareide, er ein trufast lesar. Det same er sjølvsagt vår lokale toppolitikar Kjell Ingolf Ropstad.
Redaksjonen fekk nyleg øvesendt eit bilete som syner ein del av den øvste toppleiinga i Krf. Her er dei inne og sjekkar siste nyhende frå dalstroka innanfor, få minutt før dei tek sete i den høgtidelege Stortingssalen. I løpet av månaden vil dei same karane kunne sitje i stortingsrestauranten og lese papirutgåva, moisund.com avis. Eit godt supplement til Vårt Land og kjeisame sakspapir.

Tidl. statsråd Hareide (t.v.) og leiaren i KrfU, Kjell Ingolf Ropstad.





