2002 – 2014

Ei nostalgisk pissepause.

dsc_0045Vasstrykket auka kraftig då me passerte Mandal. Like før Vigeland, Lindesnes kommune, vrengde me bilen inn på ein gardsveg.  Tida var komen. Tida var mogen. 50 meter frå den sterkt traffikerte Europavegen fann me ein høveleg stad. Grønt gras på vollen og epletrea stod i full blom.  Det vart ei reise attende i tid. På rekke og rad stod dei der. Kvar for ein freista dei å fortele si eiga historie. 4 veteranbussar. Skuleruta frå Finsland og bygderuta  til Bryggeså. Blankpolerte, velstelde og representantar for kvar si tid – og kvar sitt distrikt.  Me legg fram nokre bilete som truleg vekkjer kjende og kjære minne hjå ein del av lesarane. Me let bileta tale for seg sjølve. Kommentarar er ikkje naudsynt.

dsc_00451

dsc_00421

dsc_0040

dsc_0039

dsc_0037

Stengt for kommentarer.