x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Årsaka til at folk missar respekt for trafikkskilt

veiarbeid1Det vert stadig vekk klaga på at folk ikkje har respekt for skilting. Det kan vere einstydande med livsfare å gjere naudsynt arbeid attmed riksvegen. For å gjere køyretøy merksame på dette vert det sett opp skilt. Skilt med teikning av ein arbeidskar. Slike skilt skal ein akseptere. Dei er med å skape tryggleik på arbeidsplassen, om du er tilsett i Risa, Statens Vegvesen eller andre verksemder som har sin arbeidsdag i trafikken. Skal ein forvente at folk tek omsyn til dette er det viktig at det ikkje vert skilta i utrengsmål. Redaksjonen har den siste tida fenge inn mange tipst frå irriterte bilister som meiner at skiltjungelen no er irriterande. Skilting om manuell dirigering og vegarbeid er på plass, sjølv om arbeidsfolka sit heime på terassen med fyr på grillen og ei kald øl i handa. Ein missar respekt av slik. Roper ein nok ULV i utrengsmål er det nyttelaust å bli høyrd når han verkeleg kjem!

Skilt med vegarbeid og iinnsnevra køyrefelt har stått oppe heile helga. Arbeidsfolka var på hytta og ingen innsnevring var synleg. Skilting i utrengsmål kallast slikt!

Skilt med vegarbeid og smal veg har stått oppe heile helga. Arbeidsfolka var på hytta og vegen var like breid som vanleg. Skilting i utrengsmål kallast slikt!

Stengt for kommentarer.