Kva skjer?

Moisund.com – TV

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

På hovudet i eit myrhol.

flyEin tysker på ferie i Setesdal sette kveldsmaten i feil hol då han måndag kveld, omlag kl 21:00, brått fekk auge på eit lite fly som gjekk inn for landing i eit myrhol ved Reiårsfossen i Bygland. Piloten fekk vanskarl med maskineriet og hadde ikkje anna å gjere enn å søkje kontakt med Moder Jord. Både linsmann og sjukebil vart send til åstaden. Det var tross alt melding om ein flystyrt. Sjåføren i flyet var uskadd. Flyet stod i eit myrhol, på ei halvøy ute i åna. Den uheldige flygaren måtte hentast heim i båt. Me kan såleis slå fast at redningstenesta i Bygland fungerer etter boka. Sjølv om det heile kunne vorte svært så alvorleg, så ende det  altså godt til slutt.

Stengt for kommentarer.