«Blomsterstiftelsen» gjer ein framifrå innsats for bygda. Kvart år pyntar dei med vakre sumarblomer både på Hornnes – og på Evje. Det heile er eit spleiselag mellom kommunen, næringslivet og Hagelaget. Tysdagskvelden var ein gjeng ivrige jenter i full sving i Evje sentrum. I blomekassene på utsida av sentrumsbygget vart det planta ut meir enn 500 blomar. Flittiglise, Verbena, Tagetes, Salina, Sanvitalia og Cleone. Heradstyret var invitert til å vere med på dugnaden. Frammøtet var ikkje til å verte imponert av. Jentene var så avgjort i fleirtal denne kvelden.Det er ikkje berre ved sentrumsbygget det vert pynta med blomar. Blomekasser er plassert ut fleire stader i sentrum. Det er planta i Dåsnes, ved Spar på Verksmoen og ved Evjemoensletta. Blomsterstiftelsen gjer ein innsats heile bygda kan vere stolte av. Takk skal Dykk ha.

Glade "blomsterpiker." F.v. Wenche Rundsag Høgetveit, Rigmor Olsen, Aud Helene Austegard, Heidi Kristin Rupa, Else M. Lid og Wenche D. Renwick

Rigmor og Wenche i venskapeleg diskusjon om denne vesle planta er ein Tagetes eller spira til ei ny Verbena.

Ein liten kvil på benken vart det og høve til. Aud Helene nytta stunda til å kome med ein aldri så liten replikk - eller kan hende var det ein interpelasjon.

Torbjørn Kallhovd stilte som kommunen sin representant. Alltid på godt lag. Ein røynd skogskar som denne sumaren he ofra seg meir for dei mjuke verdiane.

Så let me denne vakre buketten ynskje kvarandre ein gild sumar.







































