Heradstyret i Iveland vart den 29. april samde om å imøtekome Agder Energi sitt ynskje om å byggje ut Iveland kraftverk. Dette er ei stort prosjekt som vil skape ringverknader i store delar av røystekrinsen medan utbyggjinga pågår. Onsdag i førrige veke kunne ordførar Ole Magne Omdal knyte på seg slipset og setje seg til bords i hop med konsernsjef Tom Nysted i Agder Energi. Avtala kunne underskrivast.Utvidinga av kraftverket vil auke kapasiteten vesentleg og den forventa verdiskapinga er venta å dreie seg om fleire titals millionar. I sjølve utbyggjingsperioden er det forventa at prosjektet vil sysselsette kring 200 årsverk. Nysted seier at dette er ei avtale som båe partar, både Agder Energi – og Iveland kommune, bør seie seg nøgde med. Ein tek sikte på å vere ferdig med «nye» Iveland kraftstasjon i løpet av siste bolken av 2012. Dette melder Radio Loland.





