Tida er forbi då ein søknad om skjenkeløyve utløyser dei heftigaste debattane i heradstyret. Sist fredag låg ein slik søknad på bordet. Evje Helsekost he flytta inn i nye lokal og søkte såleis om sjenkeløyve for øl og vin. Collin Morgan (FrP) er ein uredd politikar som sjeldan gjeng rundt grauten. Rett på sak. Ein venesæl mann som vil det beste – for dei fleste. Han ville gjeve sjenkeløyve til Evje Helsekost. Det same ville partifella Heidi Rupa – og vår eigen varaordførar Nils G. Østerhus. Dei vart verande alleine om det synet. Dei 18 andre representantane røysta mot. Collin vart sitjande alleine ved bordet. Han gjekk ikkje rundt grauten. Han åt grauten. Like blid.





