x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Rapport frå Setesdalstinget

img_9258I to heile dagar var dei samla. Maktelita i dalføret. Det var tid for eit ordentleg «ting». Det fyrste Setesdalstinget i manns minne. I moderne tid. Ordførarar, varaordførarar, formannskap, rådmenn og IKS- leiarar frå heile dalføret.  I tillegg var andre regionale gjester tilstades. På programmet stod regionsmøte, forstanderskapsmøte, kulturelle og gastronomiske opplevinger. Møtestaden var Hovden Høgfjellshotell. På toppen av dalføret. Styresmakta for heile Setesdal var tilstades. Ja til og med Iveland var representert den siste dagen!

Av saker som vart diskutert var status og utfordring i samband med utbyggjing av riksveg 9, regionplanarbeidet sett frå fylkeskommunen si side og ny reiselivskoordinator for heile dalføret. Dette var samstundes det siste møtet i «maktelita» for varaordførar i Bykle, Anne Ellen Senum. Til hausten flytar ho til Heddal for å gifta seg til ein storgard. Eit bryllaup øve 3 heile dagar slik det sømar seg på ein storgard i Heddal. Brurevalsen he  ho alt byrja å trene på. Trening er nok heilt naudsynt dersom ein skal halde det gåande i tre fulle dagar.

img_9244

img_9258

Heile maktelita samla på eitt brett. Ole Magne, ordføraren frå Iveland, var i grunnen tilstades på Hovden berre på grunn av den gode og sunne maten. Me lot han likevel vere med på bilete i hop med dei andre gutane og jentene. Han er tross alt ein himlande gild gut. Ole Magne ser du som nr 3 frå venstre - under vengen til Kay Jeiskelid.

Stengt for kommentarer.