Grasrotandelen er ei ordning som gjer at du som spelar sjølv kan avgjere kor litt av øveskotet til Norsk Tipping skal gå. Føresetnaden er at laget eller foreininga du ønskjer å knytte til deg, er registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottaker. Før 1.juni var det Vindbjart fotballklubb og Otra IL som var best i kvar sitt fylke. Denne utviklinga held fram. Tal som vart kunngjorde 18.juni syner at desse to laga framleis er i leiinga. Kontoen til Otra IL vil auke med kr 10.727 ein av dei næraste dagane. Takk til 457 spelarar hjå Norsk Tipping som på denne måten gjev ein kjærkomen skjerv til det lokale idrottslaget. Ei sikker og god investering.





