x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Vil ha hjelp til å planleggje framtida for kommunen.

dsc_00472Denne trivelege jenta heiter Kari Røynlid. Ho er plan – og miljøleiar i Evje & Hornnes kommune. I desse dagar varslar ho almogen om at det no vert starta opp ein planprosess med tanke på den nye kommuneplanen. Etter ferien tek arbeidet til for fullt – og den 20. august vert det skipa til eit folkemøte. Det er viktig at eit breit lag av folket tek del i denne prosessen og samstundes kjem med eigne innspel og meininger. Det er på denne måten, med hjelp av god norsk dugnadsånd, at me kan byggje ein kommune det er trygt og godt å bu i. Ein kommune for framtida.

I eit notat til moisund.com skriv Kari Røynlid:

KOMMUNEPLANEN – VI TRENG ORGANISASJONAR MED INN I TEMAGRUPPENE!!!

Vi startar opp med kommuneplanarbeidet etter ferien med eit folkemøte den 20. august. Då blir det informasjon om kva som skjer av arbeid framover og konstituering av temagruppene.

Temagruppe 1: Levekår, leiar Line Vennesland (1 ledig plass)

Temagruppe 2: Kultur og fritid, leiar Owe Wathne (3 ledige plassar)

Temagruppe 3: Næringsutvikling, leiar Odd Helge Liestøl (2 ledige plassar)

Temagruppe 4: Regionsenter Evje, leiar Bjørn Ropstad (2 ledige plassar)

Me har som mål å få ein storleik på temagruppene på rundt 7 personar og det er ledige plassar i alle gruppene for organisasjonar som ynskjer å engasjera seg i kommuneplanarbeidet.

Desse temagruppene skal utover hausten arbeide fram forslag for sine fagområde inn til samfunnsdelen av kommuneplanen.

Gruppene skal ha fire møter. Desse vil bli på dagtid på Evjemoen.

Organisasjonar – meld dykkar interesse!!!!

Kari vil ha fleire personar, lag og organisasjonarmed i planarbeide for ein ny kommuneplan.

Kari vil ha fleire personar, lag og organisasjonar med i planarbeide for ein ny kommuneplan. Som biletet syner så er dette eit moro - og framfor alt spanande arbeid. No venter me berre på at organisasjonane vaknar og tek eit iniativ. Når planen ligg ferdig på bordet, ja då er det noke seint.

Stengt for kommentarer.