Logo
Maskinsalg Honda1
Landbrukstilskot

Netthandel

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 15 Gjester.

Kommunelækjaren er uroa øve den lekamlege tilstanden hjå dei tilsette.

doktKommunelækjaren i Åseral, Anne Margrete Haaland, ser med uro på den lekamlege tilstanden hjå dei tilsette på rådhuset i Kyrkjebygd. Ein rapport som vart kunngjord sist tysdag vekkjer åtgaum langt inn i korridorane hjå fylkeslækjaren. No krev «doktorkåna » handling – ikkje berre lovnader og fine ord frå dei tilsette. Fysisk trening og ei kraftig omleggjing av kosthaldet er eit greit utgangspunkt for det nye livet på rådhuset. Fredag morgon starta m.a.  Birger Øyuvstad, Jon Olav Uleberg, Elin Forgard, Knut Austrud og Odin Refsnes på ei helsereise dei seint vil gløyme. Moisund.com la seg på hjul. Her kan verte mykje moro. Ikkje alt kan filmast. ( Ein gjer merksam på at bileta er teken med mobilkamera. og er såleis ikkje av høgste kvalitet.)

Kommunelækjaren i Åseral er ikje nøgd med helsetilstanden hjå dei tilsette på rådhuset.

Kommunelækjaren i Åseral er ikkje nøgd med helsetilstanden hjå dei tilsette på rådhuset.

Dei ivrigaste møtte fram på brygga i Kristiansand fleire timar før snøggbåten til Danmark  på noke vis hadde tenkt på å  kaste loss.avreise Einskilde hadde pynta seg eit grann. Raude fine kofter, og tettsitjande svarte bukser. Andre såg meir ut som om dei skulle på skjebbefiske i Juvatn. Alle haddde med seg syklar som var pakka ned i ein turvande tilhenger – tilhøyrande Åseral Kommune.

Odin Refsnes

Odin Refsnes

Odin Refsnes, tilsett i teknisk etat, var ein av dei som ivra mest etter å kome på tur. Lange dagar på kontoret – og seine kveldsmøter på rådhuset gjer at lekamen fell og mjølkesyra stig. «No skal det verte andre bollar» seier Refsnes i ein kommentar til moisund.com i same augneblink som me passerer Oksøy fyr , i 20 knops fart.pauseEtter å ha sykle nokre kilometer, i retning mot Skagen, var det tid for fyrste pause. Byråkratane var komen til Tversted, og det var tid for ulike justeringer av både sykkel og lekam. Avtapping – og påfylling av væske. Justering av bremser og justering av høgde på sykkelsete . Einskilde kjende ein inderleg trong til å kvile føtene og samstundes smøre eit grann Vaselin inne i buksene – beinveges på setemuskelen. Slikt vart gjord i løyndom – bak ein busk.saueflokkVergudane var ikkje på godlag på Nord-Jylland denne fredagsmorgonen. Likevel vart det eit fargerikt og vakkert skue då byråkratane frå Åseral la i veg på sykkel inn  øve det danske slettelandet.

Framme f.v. Knut Austrud og Odin Refsnes - bak ser me Siren Rosseland, Marianne Eikild, Grete Forgard og Janne Elvenes.

Framme f.v. Knut Austrud og Odin Refsnes - bak ser me Siren Rosseland, Marianne Eikild, Janne Elvenes og Grete Forgard

Tidleg, kvar dag. er det morgonmøte. Gjennomgang av dagsprogram, matsetel og felles gjeremål.

Morgongymnastikk og kontroll av lekamen.

Morgongymnastikk og kontroll av lekamen.

Kvar morgon er det oppstilling og gymnastikk på vollen. Mange slit voldsomt etter lange dagar på sykkelsetet. Her er det ein kar som slit voldsomt med hekkpartiet. Fagfolk frå dei ulike etatane i Åseral Kommune  strøymde til for å hjelpe. Mykje tyder på at dette gnagsåret vert eit eksklusivt oppdrag for kommunelækjaren, tidleg neste veke.

Knut Austegard

Knut Austrud

Før avreise fekk Knut Austrud signal om at det vart høve til å handle styrkedrykk på blå resept i Danmark. Helsevesenet, og den Nasjonale Folkehelsa i vårt granneland i sør,  er organisert på ein heilt annan måte enn kva me er vande til i Noreg. » Det er dejlig å være Norsk – i Danmark.»

F.v. Birger Øyuvstad, Sven Ove Nepstad, Solveig Eikeland, Elin Forgard, Olga Oliegren og Grete Forgard

F.v. Birger Øyuvstad, Sven Ove Nepstad, Solveig Eikeland, Elin Forgard, Olga Oliegren og Grete Forgard

Sosialt samkvem, med gode kolleger og vener, er eit av høgdepunkta på ein slik tur. Her er eit knipppe byråkratar avfotograferte midt i matøkta, på bryggekanten i Skagen. Kontrastane til Kyrkjebygd i Åseral er tilstades.

Sundag morgon set denne flotte gjengen kursen mot heimlandet.  Kursen mot eit rikare liv med mykje mosjon, sunn mat og mykje ny livsrøynsle. . Eit liv utan helsedrykk på blå resept. Det gode liv i Åseral. Maken finn du ikkje i heile Danmark.

Stengt for kommentarer.