x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Livsfarleg stillas i Dåsnes.

01Seint laurdag kveld vert redaksjonen oppringd av ein vetskræmd sambygding, i båt på åna. » Nokon må take affære før her skjer ei alvorleg ulukke,» seier den svært så opphissa båtføraren. Åstaden er under RV 9 – under brua i Dåsnes. Det er her heile båttrafikken til butikk, kiosk og bensinstasjon gjeng føre seg om sumaren. Ungdom i raske båtar – fest og moro. Mørke sumarkveldar. No he ein eller annan galning bygd stillas midt i innkøyringa. Ikkje eit einaste fareskilt å sjå. Ikkje eit einaste blinkande ljos. Kven he ansvar for galskapen ?

Aluminiumsbjelkane heng omlag 1 meter øve vassflata.

Aluminiumsbjelkane heng omlag 1 meter øve vassflata.

Dette skjer altså i ei tid då det dagleg er stor trafikk av båtar på åna. Fatsbuande – og ikkje minst tilreisande som bur på lokale campingplassar. Dette skjer i ei tid då allmogen irriterer seg grenselaust øve entrepenørar som ikkje fjerner skilt om vegarbeid, manuelle dirigering og » sprenging pågår, – når det er helg eller heilagdagar. Slendrian.  Det som me såg i kveld er skræmande, truleg heilt ulovleg  og sjølvsagt livsfarleg. Her må ansvarleg entrepenør – eller ansvarlege styresmakter rydde opp omgåande.

Sjå bileta og gjer deg opp di eiga meining.02

03

Stengt for kommentarer.