Når ein skal møte ein rådmann så er det nok mange som ser føre seg ein traust herremann som he passert både den fyrste- og den andre vekstalderen.
Sjokket vart difor stort då eg møtte den nytilsette rådmannen i Bygland kommune. Ei sprudlande og triveleg ung jente.
Trine Grønnbekk er 34 år gamal, men he alt mykje røynsle innan kommunal sektor. Den juristutdanna jenta kjem frå ei stilling som assisterande rådmann i Osterøy kommune. Trine er askøyværing, noko ho er stolt av. Her er ho født og her har ho vakse opp. Dialekta seier alt om nettopp det.. Ein stril og ein vestlending. Trine ser fram til å arbeide i Bygland kommune. Høg kompetanse og ein dyktig administrasjon. Kloke og oppegåande politikarar. Ho er nøgd med staden som ein vonar i mange år skal verte hennar arbeidsplass. Formelt tok ho øve roret etter tidlegare rådmann den 8.juni. Ein rådmann ho ikkje kan få fullrost nok for det arbeidet han gjorde. Han hadde føreteke mange positive grep som passar inn med hennar eigen filosofi om god leiing. På spørsmål om korleis ho ser føre seg Bygland om 10 år, så kjem svaret med det same. Ei blømande reiselivsnæring. Lokale tradisjonar er godt teke vare på. Kommunen er ein attraktiv kommune for fastbuande – og for tilreisande med arbeidsplassar lokalt. Ein kommune for aktivitet og trivsel.
Trine syner alt no stort engasjement for sin nye arbeidsgjevar.
Ordførar i Bygland, Knut Austad, introduserte den nye rådmannen i samband med «Setesdalstinget» denne veka. Han meinte at oppgåva no var å finne eit dugande lokalt mannsemne til Trine. Ein odelsgut frå Bygland høver best for slikt. Dette er i fylgje Knut heilt naudsynt for at jenta skal verte verande i kommunen. Ei sprudlande og triveleg ung dame som kommunen må take godt vare på.

Trine Grønnbekk er nytilsett som rådmann i Bygland kommune.





