Ole Fredheim er på tråden. Han byrjar å verte eit grann uroleg i lekamen. Tida nærmer seg for ein av dei store, tradisjonelle folkefestane i bygda. Me tenkjer sjølvsagt på den årvisse padlekonkurransen i åna. Som vanleg er det kjeftesmella frå Sindremoen, Erik Risdal,som er speaker og ordstyrar. Den karen er det framleis ingen som kan målbinde. Det er lutlaget Trollbakken as som stend som teknisk arrangør av tevlinga. Det som vert av økonomisk øveskot vert ført beinveges attende til prosjekta som no er under arbeid i Trollbakken. Deltakarane stør ei god sak.Padlekonkurransen vert i år avvikla på laurdagen den 4. juli. Fredheim lovar godt ver og det bør også i år verte kamp om tilskodarplassane på Gullestadbrua. Det som likevel uroar unge Fredheim er at påmeldinga gjeng svært tregt. Som vanleg. Dei som he planar om å padle denne dagen må så raskt som råd melde seg på til Ole Fredheim. Hen he postadressa ole.fredheim@frisurf.no. – eller du kan sjølvsagt bruke telefonen – 95225049.

Foto: Alfa Film
Som vanleg vert det høgtideleg presentasjon av dei ulike laga i god tid før tevlinga tek til. Starten vert ved Odden Camping, og målgong vert i området kring Dølen Hotell. Det vert kjempa i to klassar. Ei klasse for beste tid – og ei klasse for dei mest kreative deltakarane. Padling er eit lagarbeid og premiane i år vert og eit slag lagarbeid. Vinnarane av båe klassane fær ein spanande kveld på «Gladkjøkkenet» hjå Hotell Norge i Kristiansand. Her kan dei, i hop med røynde og håndplukka kokkar, stelle i stand sitt eige festmåltid. Ein festkveld dei seint, eller truleg aldri,vil gløyme.
No må folk vakne. Meld Dykk på padlekonkurransen alt i dag. Arrangørane venter. Det same gjer eit trufast publikum.

Foto: Alfa Film







































