x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Kjeltringer og fantepakk herjer turistmetropolen.

biluhell-010Tjuvpakket tek ikkje sumarferie. Tvert om. No, medan lensmannskontora stengjer for sesongen, kan tjuvpakket herje fritt rundt i turistmetropolane. Også i hyttebyane på Moi, på  grensa mellom Aust – og Vest Agder.  Kjell Martin he funne sitt ferieparadis i ei lita hytte ved Slettefet. Her slapper han av mellom strevsome arbeidsøkter. Her he guten rigga seg greit i ein feriebustad som ikkje kostar meir enn ein vanleg arbeidskar kan dekkje inn med månadsløna. Måndagskvelden såg Kjell Martin fram til ein avslappande kveld på terassen….. Fyr på grillen, vitjing av gode vener, tollfri cognac og  god vin i glaset. Draumen vart knust. Grillen vart aldri varm, raudreven fekk sumarkotelettane – og venene fekk ein telefon om å halde seg heime. Tjuvar, kjeltringer og fantepakk hadde knust vindaug, stole inventar og rasert hytta. Me talar ikkje om store verdiar – i kroner og øre. Det verste er i grunnen tanken på kva slag folk det er som kan ha moro av slikt.  Hevn tykkjest vere meininigslaust i ein slik situasjon.. Bøn og omtanke er truleg meir nærliggjande.

Han er lei seg Kjell Martin. Berre brukarveileinga har han igjen av fjernsynet. Kveldane vert lange på Slettefet no...

Han er lei seg Kjell Martin. Berre brukarveileiinga har han igjen av fjernsynet. Kveldane vert lange på Slettefet etter dette.

DNA prøver vert tekne av verktyg som vart nytta. Kan hende dette løyser saka?

DNA prøver vert tekne av verktyg som vart nytta. Kan hende dette løyser saka?

Barskåpet var tomt....ikkje ein drope att!

Barskåpet var tomt....ikkje ein drope att!

Her vert DNA prov samla inn av det lokale linsmannskontoret.

Her vert DNA prov samla inn av det lokale linsmannskontoret.

Til sist må me leggje til at her imponerte politi – og lensmannsetaten. Den uheldige hytteeigaren ringa vakttelefonen i Kristiansand seint på ettermiddagen, og etter få minutt var ein lokal tenestemann på åstaden for å  sikra spor. Imponerande – og ei positiv oppleving i ei tid då denne etaten fær mykje kritikk for manglande sørvis og dårleg bemanning. Dette gjeld ikkje på Evje. Slike politifolk er me stolte av. Takk til politijenta Vigdis for framifrå arbeid og godt skjøn.

Har du tips å kome med så  sender du dei til post(alfakrøll)moisund.com - eller til linsmannskontoret på Evje.

Stengt for kommentarer.