x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Mineralmesse i Iveland.

dsc_0069-2Helga 20. – 21. juni vart det skipa til mineralmesse i Ivelandshallen. Eit unikt samarbeid mellom Iveland kommune og Sørlandets Geologiforening. Ei tiltak så positivt at mange røynde fagfolk alt talar om at dette må gjentakast. Mykje folk var innom hallen, då me var tilstades, på laurdag føremiddag. Omlag 25 utstillarar frå Noreg – og frå Sverige.  Ingen annan kommune i heile landet he ein slik kulturarv å take vare på, når det gjeld geologi, som nettopp Iveland. I tillegg til utstilling av mineral, sal av smykker, diskusjonar, geologisk samrøre og ikkje minst faglege foredrag – var det og funne tid og høve til spanande turar til mineralgruver i nærmiljøet.

Kjell Gunnufsen

Kjell Gunnufsen

Så møtte me på ein talefør, steingalen – og umåteleg gild venndøl. Busett påVatnestrøm. Kjell Gunnufsen he vore skulemeister eit langt liv. Rektor med opprykk . No er guten tilsett i Iveland kommune i ei stilling der det meste dreier seg om geologi. Rett mann på rett plass. Alt som 12 åring vart Kjell interessert i stein og mineraler. I steinfyllinga ved Steinsfossen i Vennesla fann han ein spanande leikeplass. Her fann han sin fyrste verdfulle stein. Proppfull av ekte gull, trudde Kjell, og oppsøkte einfagmann. Det som etter kvart synte seg å vere ekte Svovelkis, ikkje ekte gull, vart spira til eit langt liv med glødande interesse for mineraler og geologi. dsc_0069-21

Gunnufsen he intervjua mange røynde gruvefolk i distriktet. Ei verdfull historie for nåtida – og ikkje minst for komande generasjonar.  Saman med kjende ivelendinger som Salve Øydna, Karstein Lie, Reidar Pedersen og Ole F. Frigstad he han gjeve ut det 5. bindet av Iveland Bygdebok. Ei bok med geologi som hovudtema. Ei bok der samtlige, kjende mineraler i distriktet er omtala i ord og bilete. Kjell Gunnufsen trur ikkje det finnast fleire uoppdaga mineral i Iveland. «Då må ein i tilfelle ned på mikronivå – ned på storleiker som  det vanlege auget ikkje kan sjå,» seier den steingale mannen frå Vatnestrøm.  Han tenkjer m.a. på det sjeldne og verdskjende mineralet «Thortveititt» frå Iveland.  » Dersom det no vert funne eit heilt ukjend mineral i Iveland så skal det heite  Kjellitt » seier Kjell før han dreg inn på naboromet for å høyre på eit foredrag om meteorittar. Sjølv ruslar me rundt i hallen og ser på, for oss, heilt ukjende mineral.

Det vart etter kvart svært så folksomt i Ivelandshallen.

Det vart etter kvart svært så folksomt i Ivelandshallen.

dsc_0071

dsc_0038

dsc_0077-2

dsc_0018

dsc_00331

dsc_0011

dsc_00475

Stengt for kommentarer.