Dersom postverket he gjort jobben sin så vil du i dag få den fyrste utgåva av moisund-avis.com i postkassa di. He du reservert deg for reklame så er det ting som tyder på at du ikkje vil få avisa. Slik er livet. Ein kan ikkje få i både pose og sekk! I morgon vil det vere mogleg å lese avisa i heile sin stas på nett. Kvar einaste side. I klår motsetning til andre lokal – og regionaviser som knapt vågar å syne delar av framsida på verdsveven. Alt dette utan at det koster deg ei einaste krone! Frå og med august vil avisa kome ut ei gong i månaden. Kva som skjer på nyåret er framleis noke uklårt. Me jobbar målretta med neste bolk, og tilbakemeldinger frå publikum er sjølvsagt med på å avgjere innhaldet i neste episode.
Avisa vert distribuert til alle husstander i Bygland kommune, Evje og Hornnes kommune, Iveland kommune, Åseral kommune, Bjelland, Byremo, Eiken, Kaddan , Åpåsland og Hægeland. Dette betyr eit nedslagsområde innan heile 8 kommunar i dalstroka innanfor. Dette skal verte avisa for dalstroka innanfor, som skal nå ut til alle. Me vonar at me lukkast med dette! Nyt sumardagen – kos Dykk med avisa.
Dersom DU ikkje har motteke avisa i di postkasse så kan du hente eit eksemplar på Setesdalstrykk, heilt gratis!

Les meir på www.moisund-avis.com.






