x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Historisk vedtak i heradstyret i Åseral.

ordf1Heradstyret i Åseral tok sete i rådhuset. To dagar etter at sambygdinger i heile dalføret hadde feira Jonsok. Kjell Rune Larsen og Håkon Torsland medrekna. Som vanleg hadde ordføraren, den venesæle Oddmund Ljosland, full kontroll på møtelyden.  Eller hadde han kanskje ikkje det.. No hadde det seg nemleg slik at denne kvelden skulle heradstyret avgjere ein søknad frå » Eikerapen Roots Festival» om løyve til å skjenke alkoholholdig drykk i samband med sumarstemnet på Eikerapen i slutten av juli. For fyrste gong i moderne tid vart ein søknad om sjenkeløyve, i Åseral, samrøystes vedteke. Dette kan ikkje vere anna enn eit kommunalt heiderseteikn til arrangørane av rootsfestivalen. Eit teikn på kor mykje festivalen betyr for bygda. Eit teikn på at sjølv ihuga fråhaldsfolk ser både kultur og livsglede i kaldt fatøl, pylse med ketchup og sennep – og ein cowboyhatt frå Lars Kile på Evje. Ekte norsk bygdekultur. Det nyttar så visst ikkje å stritte i mot.

Stengt for kommentarer.