x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Ny skrivar i Sjømannskyrkja.

myhreEin kjend mann i Iveland, Evje og Hornnes. Audun Myhre var tidlegare sokneprest i desse sokna. Ein mykje omtykt prest. No er ungguten klår for nye oppdrag. I dag vert Myhre presentert som den nye generalsekretæren i Sjømannskyrkja.  Ein organisasjon med 32 kyrkjebygg  i rekneskapen – og med små og store kyrkjelyder  i meir enn 70 land. Teologen som tidlegare måtte halde styr på sokneråda  både i Hornnes – og på Evje, fær no ansvar for meir enn 200 tilsette. Tidlegare var det Otra som delte kyrkelyden og sokneråda  til Audun Myhre i to svært så sjølvstendige bolkar.  No gjeld det same for Atlanterhavet og Kontinentalsokkelen. Truleg eit meir øvekomeleg skilje. Ikkje så harde frontar.

Tidlegare sokneborn i Indre Agder ynskjer lukke til med nye oppdrag.

Stengt for kommentarer.