x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Gullbryllaup på Moi

a2 At folk feirer gullbryllaup vert meir og meir sjeldant.  Etter regelen er det meir vanleg i dag å byte ut ektemaken etter nokre år. Hjå den eldre generasjonen er det nok heller tradisjon å halde i hop » i gode og onde dagar.» Slik har det og vorte for Åsulv og Bjørg på Moi.  I 50 år he dei no levd i hop. Gullbryllaup. Laurdag den 20.juni  samla dei i hop ein stor flokk med gode vener. Turen gjekk til Gosås – gard i Iveland. Bryllaupsfest. Me traff Åsulv og Bjør Hannås i heimen deira på Moi, få timar før Åsulv skulle skjere laus på bryllaupskaka frå Moseid Bakeri på Mosby. Han ser beint fram forelska ut der han tripper rastlaus rundt i stova. Åsulv ser på klokka.Åsulv Hannås er ekte Moigut. Fødd og oppvaksen på Moi.  Han kom til verda i 1934 og er framleis klår i hovudet og rørsleg i lekamen. Tidleg i ungdomen reiste Åsulv ut i verda. Til Mosby.a3

Åsulv tok til å arbeide i NSB.  Der vart han verande i 42 år, og vart alderspensjonist i 1995. I dag lever den spreke pensjonisten av birøkt og sauehald. Kona Bjørg kjem opprinneleg frå Vatnestrøm i  Iveland. Saman he dei 3 vaksne born. Bjørg arbeidde i mange år hjå skogbruksetaten i Vest Agder fylke. No er dei busett på Moi. Eit steinkast frå åna, og med fleire av dei næraste pårørande i grannelaget. Me gratulerer med jubileet og vonar Dykk vil få mange gilde år på Moi.  Gode grannar, gode vener og eit populært brurepar he runda ein milepæl.b1

Stengt for kommentarer.