x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Kva er vel ein dag på stronda utan moisund.com

bilde00121Det dukker stadig opp feriebilete frå sambygdinger på reise i inn – og utland. I redaksjonen set me umåteleg pris på slikt. Einskilde bilete vert sensurert av omsyn til dei næraste pårørarnde, men som vanleg så er ikkje sensuren særleg streng i redaksjonslokala på Moi. Biletet du ser her er det me kallar eit fullverdig blinkskot. Ambulansesjefen på Evje, Ted Haugen, er på velfortent ferie i Kroatia. I den vesle byen Porec’, på Istriahalvøya, he unge Haugen funne sitt paradis. Medan krystallklart vatn frå Adriaterhavet skyler opp etter dei krittkvite leggane – så sit Ted og kosar seg med siste nytt frå heimbygda. Kva kan glede oss meir. Ei oppskrift på den perfekte ferie. Då vonar me Dykk sender oss fleire bilete, og gjerne med ei helsing til vener og kjende i heimbygda.

Stengt for kommentarer.