x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Dreiv den største viseklubben i Noreg – på Evje.

kzKalle Zwilgmeyer var skulemeister på Evje i dei harde 70-åra. Nærare bestemt frå 1972 – 1974.  Me var mange som såg opp til denne kunstnaren, visesongaren og klassestyraren. Kalle rusla rundt i skulegarden  i «islender» og  på halvt utsletne tresko. Ikkje på noke vis ein typisk skulelærar på den tida. Han flytta til Danmark så tidleg som i 1983. Eg ringer min gamle skulelærar eit grann utpå føremiddagen. Kunstnarar ligg truleg under dyna til langt på dag. Ikkje typisk morgonfuglar. Dansk frukost er på mange måtar noke annleis enn kva me er vande med. No er tida som skulemeister historie. Den blide sørlendingen tek på seg å arrangere visefestivalar øve store delar av Norden. Kalle er eit sjølvsagt midtpunkt når det kvart år vert skipa til visefestival i den danske byen Skagen.kz1

Zwilgmeyer er for mange kjend som programleiar i radio og fjernsyn. Meir enn 35 komponistar he tonesatt tekstene til Kalle Zwilgmeyer. Ein røynd og omtykt tekstforfattar.

No kjem guten til Evje. Neste veke vert han å treffe på visekonsert på hotell Dølen. Med seg på turen he han ein annan røynd visekunstnar, svensken Hans Ericsson. Kalle  gjentek fleire gonger på telefonen at no er han «himla» spend på om det dukker opp gamle kjente på Dølen denne kvelden. Det var i alle fall eit voldsomt aktivt visemiljø på Evje i 1972. Då var  Zwilgmeyer med på å skipe til noregs største viseklubb – på Evje. Meir enn 200 betalande medlemmer.  Klubben heitte » åkka tott.»  Her måtte eg ha dansk hjelp for å tyde   namnet, sjølv om dette er evjedialekt på sitt beste.  Ikkje ei heilt grei avslutning på intervjuet…

Forklåringa er slik: åkkå = vår    – tott  =  ( å tykkje – tykkjer – tykte / totte) eller å meine – . Viseklubben heitte åkkå tott  / vår meining. Då vonar ein at det kjem mykje folk til Dølen denne kvelden og helsar på ein tidlegare skulemeister – og høgst oppegåande visekunstnar.

På spelelista vil me garantert finne kjende namn som Evert Taube, Bjørn Azelius, Michael Wiehe og Cornelis Wreeswijk. » Du skal heller ikke se bort fra at det dukker opp en og annen Sørlandsvise» avslutter Kalle Zwilgmeyer på telefon frå byen Frederikssund i Danmark.

Stengt for kommentarer.