Orienteringseliten i Otra er no inne i den mest travle bolken av sesongen. Bak seg he dei mellom anna eit dramatisk klubbmeisterskap på Høgås og eit knalltøft treningsløp i skogane kring Bjorå og Klepp den 19. juni. No på fredag, den 26. juni, var tida komen for ein verkeleg klassiker. Det legendariske løpet ved Rassevæte. Blaute myrer, mykje mygg og særs høg lufttemperatur. Birger Bransdal er i ferd med å finne storformen. To sterke fjerdeplassar på rad syner at guten kan nå heilt til topps denne sesongen. Ved Rassevæte måtte Bransdal sjå seg slegen av den vidgjetne røyrleggjaren Ragnar Aas (72 ) frå Evje. Elles kan ein merke seg at den tidlegare transportoffiseren på Evjemoen, Johs. K. Hansen framleis heng med i svingane. Ingen spring blaute bekkefar og vasstrukne myrer raskare enn Johs. K. Særs lett i lekamen og skrinn som eit fenalår. Uhyre rask. Likevel passerte han målsnora meir enn halvtimen bak oppsynsmann Bransdal.





