Logo
Maskinsalg Honda1
Landbrukstilskot

Netthandel

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 15 Gjester.

Stilfull feiring av Fjellhagen på Ljosland.

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Bråten Berg

Fjellhagen på Ljosland er 10 år i desse dagar. Sundag vart dette markert med ei særs flott og kulturell høgtidsstund på vollen, like på utsida av Fjellstova. Mykje av den øvste kultureliten i fylket var tilstades. Me nemner Fylkesmann Ann Kristin Olsen, Elling T. Eikerapen,  ordførar Oddmund Ljosland, Olav Arne Kleveland, Hallvard T. Bjørgum, Erik Kjebekk  og Kirsten Bråten Berg. Ordføraren helsa møtelyden og las eit stemningsfullt utdrag av «Åseralsangen,» – ført i pennen av Torleif  Eiken. Brått kom Kirsten Bråten Berg syngjande og skrålande  nedetter grasvollen.publikum

Kring 170 personar, frå heile Sørlandet, hadde funne vegn til Ljosland denne sundagen. Dei benkja seg på utsida av Fjellstova, i det finaste sumarveret du kan tenkje deg. Dagen byrja med gudsteneste i kapellet på Ljosland.

Odd Arild Eikeland og hesten ( hesten t.v. i bilete ). Den pensjonertelinsmannen kom til gards med hest og karjol.

Odd Arild Eikeland og hesten ( hesten t.v. i bilete ). Den pensjonerte linsmannen kom til gards med hest og karjol.

Egil og Anne Karin Eriksen

Egil og Anne Karin Eriksen

No på fredag vart Egil Eriksen alderstrygda.. Han he sleie inn sin siste spiker hjå verksemda Ecco Bygg. No kan han bruke meir tid på si store interesse – Fjellhagen på Ljosland. Det er Egil som he laga alle murane i hagen, bygd alle avsatsane, snikra bord og benker og satt opp ei rekkje informasjonstavler.  Anne Karin vil helst titteleres som «graskone.»

Hagen er på omlag 8 da, og totalt er det 120 ulike planter. Av desse er 69 for fjellplanter å rekne. Snart skal hagen utvidast med ein «Svalbardhage.» Tilsvarande finn du berre to andre stader i verda. Ein hage i Tromsø og ein hage i alpelandet Sveits.

For ti år sidan då Fjellhagen vart opna var to kjende sørlendinger sentrale i samband med opningsseremonien. Jon Lilletun og Sigurd Køhn. Båe er gått bort, men hagen er i høgste grad levande. ….

Det vart sjølvsagt eit kulturellt høgdepunkt då Kirsten Bråten Berg slo seg laus frå scena.

Det vart sjølvsagt eit kulturellt høgdepunkt då Kirsten Bråten Berg slo seg laus frå scena.Fyrst stod ho og gaula på grasvollen, bak publikum. Så svara Kari Røynlid med klåre toner frå scena - og det vart eit festleg samspel. Vakkert.

Arrangørane hadde henta tidtrøyte frå øvste hylle. Publikum fekk ei stor oppleving. Kari Røinlid, Sverre Eftestøl, Sigurd Helle, Ragnhild Furholt , Kirsten Bråten Berg og Halvard T. Bjørgum.

Den landskjende felespelaren Halvard T. Bjørgum var hjarteleg tilstades.

Den landskjende felespelaren Hallvard T. Bjørgum var hjarteleg tilstades. Kvaliteten på musikk og framføring treng ingen kommentar.

Kari Røynlid

Kari Røynlid

Hadde den urbane tabloidpressa, frå Akersgata,  vore tilstades ville dei garantert ha gjeve åseralsjenta Kari Røynlid terningkast 6. Du verden for ei stemmeprakt. Publikum sat berre og måpte då Kari klemde i veg med religiøse folkeviser frå Øyslebø og balladar frå Åseral. Fantastisk. Denne vesle jenta høyrer heime på ei mykje støre scene enn dette . Den Nasjonale scene.

Fylkesmann Ann Kristin Olsen helsa møtelyden og øverekte ei gåve til dei ansvarlege for Fjellhagen.

Fylkesmann Ann Kristin Olsen helsa møtelyden og øverekte ei gåve til dei ansvarlege for Fjellhagen. Jenta ser fram til den nye bolken i hagen vert opna, Svalbardhagen. Fru Olsen he tross alt vore Sysselmann på Svalbard.

benk

avslutn

Opplysande tekst - og bilete fortel kva slag planter du til ei kvar tid kjem forbi dersom du fyer gangvegen gjennom Fjellhagen

Opplysande tekst - og bilete fortel kva slag planter du til ei kvar tid kjem forbi dersom du fyer gangvegen gjennom Fjellhagen

dsc_0007-21

Stengt for kommentarer.