Kva skjer?

Moisund.com – TV

Logo

Arkiv

 

juni 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
logo-gsi

Handelens dager på Evje

Leif BroddeHan meinte veret var for fint for handel. Me møtte Leif Brodde i sentrum. Under ein parasoll, i stuttbukse og med kledelege solbriller. Musikkhandlaren  kosa seg. Med sol frå skyfri himmel og i nærleiken av 30 grader i skuggen, meinte han handelen hadde gjenge endå betre om veret hadde vore eit grann kleinare. Han klaga ikkje. Han hadde selt mykje av både Lasse Stefans og Hennig Kvitnes. Begge desse er i skotet for tida. Etter ei runde i sentrum, på laurdag føremiddag, kunne me konkludere med at det var  plass til  langt fleire folk i sentrumsgata enn kva som var tilfelle denne gloheite sumardagen. Det var så avgjort ikkje trongt om plassen.

Mange seljarar var tilstaden på torget, men det var heller lite handlande..

Mange seljarar var tilstades på torget, men det var heller langt mellom dei handlande med opne lommebøker.

Mr.Otra himself...Gassgrill til utlodninga vart henta i full fart..

Mr.Otra himself...Gassgrill til utlodninga vart henta i full fart..

Me trudde Magnar Haugen hadde fenge solstikk då me såg at guten lessa ut fiskeutstyret i sentrum?? Men så synte det seg at han hadde punktert på eit av framhjula. Slik kan hende den beste, sjølv ein habil sjåfør som Magnar!

Me trudde Magnar Haugen hadde fenge solstikk då me såg at guten lessa ut fiskeutstyret, midt i sentrum?? Men så synte det seg at han hadde punktert på eit av framhjula. Slik kan hende den beste, sjølv ein røynd sjåfør som Magnar!

Plateseljar Leif Brodde koste seg i sola

Plateseljar Leif Brodde koste seg i sola

img_9292

Stengt for kommentarer.