Per Birkeland er mannen bak Marnar Bruk i Mandal – og ikkje minst ein sentral person på eigarsida når det gjeld Byglandsfjord Sag. Marnar Bruk vart etablert så tidleg som i 1895 og tok til med trykkimpregnering av material alt i 1960. Etterspurnaden etter impregnert material er aukande og Birkeland stadfester, i ein samtale med moisund.com no på laurdag, at han no skal investere 30 millionar i eit nytt impregneringsverk. I løpet av inneverande år skal styret take ei avgjer på kor den nye verksemda skal etablerast.
Byglandsfjord Sag ligg idyllisk til på Vassendøya, like sør for Byglandsfjord. Det var her Birkeland helst ville hatt det nye impregneringsverket. Plassen vert for liten. No er han på jakt etter eit turvande tomteareal i storleik kring 30 da.
Eit komplett impregneringsanlegg, med tilhøyrande tørke, er alt innkjøpt. Dei fyrste komponentane ligg no lagra på Vassendøya i påvente av nytt, og endeleg reisemål. Her er det tale om verkeleg store dimmensjonar.

Per Birkeland reknar med at det vert omlag 10 arbeidsplassar knyta til det nye anlegget. I tillegg til dette kjem ringverknader for det lokale næringslivet, og han nemner m.a. transporttenester som mange tider vert handla lokalt. 
Direktør Birkeland vert engasjert når han fortel om planane for verksemda. No vil han bruke meir tid på å planleggje det nye prosjektet sitt. Alt neste veke startar intervjurunda i samband med å tilsette ny leiar ved Marnar Bruk. Dette er ei stilling Birkeland he i dag, men som Dykk skjønar så vil han no bruke sin kompetanse og si faglege tyngde på nye prosjekt. 
Per Birkeland er ein strateg – og ein dugande bedriftsleiar. No sit han eigentleg i ein unik situasjon. Ein strategisk rett – og viktig posisjon. Ikkje tilfeldig. Kven kan tilby den beste tomta til den beste prisen. Kva for ein kommune treng 10 nye arbeidsplassar. Sikre arbeidsplassar. Tida er meir enn mogen for å kome på banen. Birkeland vil ikkje vere for konkret når me kjem inn på kor langt denne prosessen er komen. Moisund.com he likevel teke eit titals naudsynte telefonar og på eiga hand funne ut at her er det meir enn ein ordførar som no sender rett kopi av attestar og vitnemål til Per Birkeland. Kva som skjer hjå dei næaraste pårørande, Bygland kommune – og Evje & Hornnes kommune, ja det veit me beint fram ikkje. Dei he på ingen måte betre tid enn andre kommunar i denne tevlinga. Så langt kan me tolke bedriftsleiar Per Birkeland.





