
Traktoren på bilete kan avvike noke frå den aktuelle gevinsten.
Det er eit sikkert teikn på at sumaren er i rute når Geir Magne Feed og resten av dugnadsgjengen frå Otra IL skipar til jordberfestival på Evje. I år vert det festival for 15. året på rad. Sjeldan er det så mykje folk i Evje sentrum som når det er jordberfestival. Det surrar i alle slag tungemål medan folk et seg omtrent i hel på jordber og fløyte. Totalt, desse åra, er det omsett meir enn 12 000 kg raude ber. Tidtrøyte frå paviljongen, kåring av raskaste jordberrenskar, tivoli, konkurransar og ivrige torghandlarar i kvar ein krok. Øveskotet frå festivalen ser du mellom anna att som dei finaste skiløypene på heile Sørlandet. Høgås skianlegg vekkjer åtgaum i heile regionen. På jordberfestivalen i år kan du vinne ein traktor. Denne stend nå utsilt hjå Sparebanken på Evje. Sett i gong folkens – kjøp lodd. Berre slik kan traktoren verte din. Lodda kjøper du m.a. i Sparebanken. Trekninga skjer, beinveges under jordberfestivalen, før solnedgong den 18.juli.


































