
Kurt Oddekalv
Vermeldinga speler liten rolle. Leiaren i Norges Miljøvernforbund, sleivkjeften Kurt Oddekalv, kjem til Landbrukets Dag på Evjemoen. Det vert garantert høg temperatur. Dette skjer berre ein dryg månad før Stortingsvalet, og truleg vil meir enn ein politikar få “passet påskreve” av denne frittalande rebellen og miljøaktivisten. Politikarane skal sjølvsagt få høve til å forsvare seg. Lindesnes Trekkspillklubb var eit omtykt innslag i fjor, og dei kjem attende med konsert i år. Dette skjer på laurdag ettermiddag. Laurdagskvelden vert det spela opp til dans. Ord og tonar vert servert av den vidgjetne valldølen Åsmund Åmli. Eit anna høgdepunkt vert når “turbobudeia” frå Telemark, Bodil Nordjore, skal kåsere og tale om m.a. tradisjonsmat. Dei fleste av oss he vel høyrd denne trivelege jenta på Nitimen i NRK. Landbrukets Dag vert skipa til i dagane 14. – 15. og 16. august. Moisund.com vil halde deg oppdatert time for time under heile messa. Med fotoapparat, levande bilete og ein knivskarp penn. Nyhende i forkant av Landbrukets dag finn du her. Me lyt au leggje til at denne messa no he endra namn til ” Naturligvis.” Då veit du det og.


































