Kva skjer?

Moisund.com – TV

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Elling T. Eikerapen

kopi-av-dsc_0016Moisund.com er stadig på jakt etter folk med klåre – og sterke meininger. Folk som ikkje på noke vis er redde for å take eit standpunkt, men som samstundes he glimt i augo og sans for den gode replikken. Åseral er ei oppkome av slike heidersmenn – og kvinner. På ein av dei varmaste sumardagane møtte me Elling T. Eikerapen.  Mannen er landskjend som personen bak » Ellings Hage» på Eikerapen. Denne dagen var han på biologisk ekskursjon til Ljosland. Elling ville friske opp gamal kunnskap. Likevel var det heilt andre ting som fekk vår utsende journalist til å trive etter kulepenn og kladdebok. Elling T. fyrte laus. Ikkje med  lauskrutt.

dsc_0016

Elling peiker mot vest. Alpinbakken på Ljosland. Halve året, og vel så det, ser dette ut som ei gigantisk steinfylling. Ein dramatisk inngripen i naturen. Dette ligg som eit ope sår i bygda og er det fyrste turistar – og hyttefolk ser når dei kjem til Ljosland. » Dette kan ikkje vere rett. Slik kan me ikkje ha det,» seier Elling T. med usedvanleg klår røyst. dsc_0003-21

Elling held fram med å argumentere.» Styresmaktene» i dag lagar lover, reglar og restriksjone for det meste. Skal du byggje deg ei hytte på heia så skal forsyne meg det offentlege leggje seg opp i korleis denne skal sjå ut. Kva slag vindaug skal du ha. Sprosse – eller ikkje sprose. Dei avgjer om du kan ha torv, takstein eller papp på tåka. Då talar me om vesentleg mindre areal enn kva me er vitne til i skibakken her på Ljosland.  Aktivt landbruk er det snart slutt på. Styresmaktene pøser ut millionar på millionar med kroner for at folk skal take vare på kulturlandskapet. Her ser me eit døme på det stikk motsette.» Brått bøyer Elling T. seg mot bakken. Han he fenge auge på ein fjellblom det er lenge sidan han he sett med eigne augo. Eit minne frå eldre dagar. Kan hende frå konfirmasjonstida. Han spør om einkvan av oss kan minnast namnet på blomen.. Svaret heng framleis i lufta – om fjellblomen og om skibakken.dsc_0021-2

Stengt for kommentarer.