
Det må vel vere det næraste eit “fleirbrukshus” ein i røynda kan kome. Midt i Hægelandskrossen ligg det brunbeisa huset som ei gong i tida inneheldt den lokale banken. Det finansielle sentrum, nord i Vennesla kommune. Så vart tida mogen for predikanten og helbrederen Svein Magne Pedersen. Pengestraumen vart ikkje mindre av den grunn. No skal ein ny leigetakar inn. Sjølvsagt er det ein ny traktorbutikk som er i kjømda. Traktorbygda Hægeland er i stadig utvikling.Tommy Skagestad og Lars Gunnar Retterholt stadfester til moisund.com at dei om kort tid etablerer seg med ny traktorbutikk i dei tidlegare misjonslokala til Svein Magne Pedersen. Skagestad er til dagleg røyrleggjar medan Retterholt he røynsle som traktorseljar hjå tidlegare Wikstøl Maskin. No satsar dei friskt og tek mål av seg til å verte ein tøff aktør i marknaden. 
Namnet på verksemda er enno ikkje registrert i Brønnøysund så me lyt vente eit par dagar med å kunngjere dette. Det er likevel klinkande klårt at desse to kremmarane skal forhandle vidgjetne traktormerke som Deutz, Lamborghini og Zetor. Fleire avsløringer vil kome om kort tid.
Den nye verksemda legg opptil å markere seg kraftig i samband med Landbrukets Dag, noke seinare i jordbersesongen.
Huset i Hægelandskrossen vil innehalde sal – og administrasjonslokale. Skagestad og Retterholt ser i desse dagar på fleire alternativ når det gjeld verkstedlokale. Snart er dei siste brikkene på plass, og du fær aktuelle nyhende her på moisund.com.
Det er vel slik i dag at skal ein handle seg ny bil så vert ofte reiseruta lagt om Sørlandsparken. Her er eit mangfold og eit fagmiljø du sjeldan finn maken til. Når einkvan i framtida skal handle seg traktor vert det vanskeleg å leggje reiseruta utanom Hægeland. Her finn du no Aase Landbruk, Agder Traktor & Maskin, Maskinsalg ( sel i alle fall plentraktor ) – og no den nye verksemda som me førebels manglar døypenamnet på.
Det he ikkje lukkast moisund.com å kome i kontakt med kjøpmann Ole Henning Lohne i dag. Det er såleis uklårt om han i næraste framtid he planar om å selje traktorar – eller om han framleis vil halde seg til stomp, mjølk – og makrell i tomatsaus.






































