Logo
Maskinsalg Honda1

Kurs hausten 2010

bygdefolkets logo

Bygdefolkets Studieforbund

Landbrukstilskot

Netthandel

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 17 Gjester.

Attende der det byrja.

Kalle ZwilgmeyerKalle Zwilgmeyer var tilbake på Evje og Dølen Hotel. Det var her det byrja i 1972. Han var lærar på Evje Skule (barne og ungdomsskulen) i tidsromet 1972 – 1974. Han minnast godt den tida. Ei tid kor Evje hadde det største visemiljøet i heile landet. 220 betalande medlemmar berre ein månad etter at viseklubben «åkkå tott» vart til! Kalle er kjend på Dølen. Ein stad han åt mange måltid på byrjinga av 70 talet. Han he lenge sett fram til å kome attende til Evje. Han hadde ei von om å treffe att elevar han hadde under kateteret då han var klassestyrar her. Men nei, ingen av dei tidlegare elevane var å sjå på Dølen. Slik vart det ikkje. Ingen av desse var tilstades i hagen attmed åna. Då han etterlyste over mikrofonen om nokon av desse var tilstades, høyrde eg dei kviskra ved bordet bak meg at dei som var tilstades denne kvelden nok stort sett var foreldre av desse elevane. Kalle Zwilgmeyer er ein kjend mann i visesongarmiljøet. Dette var likevel ikkje nok til å få bygdefolk på konsert. Diverre var det berre dryge 30 tilhøyrar til den store visekunstnaren sin fyrste opptreden på hotell Dølen på 35 år. Med seg på turen hadde han ein annan røynd visekunstnar, svensken Hans Ericsson. Saman fekk dei stemning i dei frammøtte når den eine kjende visa etter den andre vart framført frå scena i hagen.

Kalle

Dei klarte å skape stemning attmed Otra under konserten onsdagskvelden.

Diverre var det ikkje mange som hadde sett av onsdagkvelden i solskinnet for å høyre på dei to visesongarane

Diverre var det ikkje mange som hadde sett av onsdagkvelden i solskinnet for å høyre på dei to visesongarane

Kalle Zwilgmeyer

Kalle Zwilgmeyer

Hans Ericsson

Hans Ericsson

Stengt for kommentarer.