x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Mona fekk drøymejobben – i heimbygda.

portrettMona (24) er yngste dotter etter Rolf Ove og Torunn Wold i Krossen på Evje. Me traff den smilande ungjenta på kontoret , ein av dei varmaste dagane i heile sumar. Mona er i strålande humør. I år he ho fenge sumarjobben ho he drøymd om sidan ho var ei lita jente. » Eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag» seier Mona og skjenker oss ein kopp nybryggja kaffe. Kaffekoking er og ein del av jobben når ein er yngst i staben.Det er eit ungdomeleg politikorps som i desse dagar  er å finne på vaktromet på Evje. Mona er 24 år – og Øyvind er framleis 25. Ein ny generasjoner med flott, lokal ungdom i ferd med å take øve ansvar for lov og orden i røystekrinsen. Me helsar dei sjølvsagt velkomne og ber dei samstundes om å stelle seg greit.portrett2

Når Mona er ferdig med sumarjobben på Evje tek ho til på eit års teneste ved Sentrum Politistasjon i Kristiansand.  Frå den 17. august vert evjenta å finne på patrulje i Vestre Strandgate – eller kan hende på eit rutineoppdrag på Tinnheia.mona-2

Du ser det lang veg at desse ungdomane trivast på jobb. Så er det nok mange, i foreldregenerasjonen, som spør seg: » Kven er no den kjekke guten til venstre på bilete ?» Då kan me avsløre at han er døypt Øyvind Haugen, og at foreldra heiter Ernst og Turid.

Stengt for kommentarer.