Logo
Maskinsalg Honda1
Landbrukstilskot

Netthandel

Foto Flickr

Kronprinsvitjing114

Kronprinsvitjing113

Kronprinsvitjing112

Kronprinsvitjing111

Kronprinsvitjing110

Fleire foto

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 20 Gjester.

Sumarmarknad i Mineralparken.

blomeLaurdag og sundag vart det skipa til sumarmarknad i Mineralparken på Hornnes. Ei årviss markering, og kan hende den finaste marknadsplassen på heile Sørlandet. Mange av utstillarane, kring 20 i talet, var i alle fall svært så nøgde med opplegget. » Arrangørane legg det heile opp på ein svært så proffesjonell måte – og gjer det dei kan for at me skal trivas»  seier Arvid, Urdalen,  ein av kremmarane me slær av ein prat med.Det var lagt opp til eit spanande og omfattande program. Eit program der m.a. borna vart satt i fokus. Steinfigurskjering, smykkeverkstad, skattejakt i tunnelen – og gulldykking i åna. Det var gruvetur til Iveland, borneteater og opplesing for dei minste  inne i tunnelen. Moisund.com var innom stemneplassen på laurdag føremiddag, og det var eit jamt sig av folk inn porten. Dei fleste tilreisande og turistar. Diverre var det lite lokale folk å sjå, både blandt handelsfolk og blandt publikum. kalsnesReidun Kalsnes er » byjente» men he hytte på Gautestad. Strikking er den store hobbyen, og dette he ho halde på med dei siste 15 åra.  Framleis berre på fritida. Jenta he full jobb i tillegg til håndarbeidet. Reidun he vore på sumarmarknad i Mineralparken dei siste 3 åra – og trivast som plomma i egget.framsida1Sjølv om gradestokken kraup opp mot 30 grader i skuggen så var det eit mangfoldig utval i huer, votter og gensere i salgsbodene. Her eit utval fargerike huer som er spøta av Reidun Kalsnes.ruth

Ruth Simonsen var hjarteleg tilstades. Her møtte ho ein tidlegare klassekamerat frå studietida ved Evje Skule.  Guten heiter Tom Birkeland og er i dag busett i Stavanger. Han vaks opp på Evje, i huset ved sida av Fargehuset – der det i dag er garnbutikk. Sikkert mange som dreg kjensel på dette andletet.

Merete Abusland Nilsen (t.v. ) og Else Karin Nilsen.

Merete Abusland Nilsen (t.v. ) og Else Karin Nilsen.

Endeleg fann me fram til nokre honndølar som søkte ly for UV-strålane under ein svalande teltduk.. Mor og dotter. Merete og Else Karin.  Dei hadde med seg eit rikt utval av håndstrikk og hekla produkt til svært så fornuftige priser.  Dette er handverk av ypperste slag, og det gjeng gjetord på bygda  om Merete sin fantastiske heklekunst. Meir om denne lokale verksemda, eller heimeindustrien om du vil, kan du lese om på internett -  www.strikking.no.treslc3b8yd

Arvid Urdalen, frå Mjølemoen i Tveit, hadde med seg eit rikt utval i tresløyd. Han var ikkje så oppteken av omsetninga, heller av det sosiale. Treffe nye, spanande og gilde folk. Han skrytte voldsomt av Setesdal Mineralpark og såg alt no fram til neste høgdepunkt for sesongen. Marknaden i Seljord.skulptur

Ja, det vart ein steikande varm laurdag  i Mineralparken. Some fann seg ein skugge og vart verande der i påvente av ein svalande vind.parken

Stengt for kommentarer.