«Norske Vandrerhjem» eller «Hostelling International» som det heiter på godt nynorsk, feirar i desse tider 100 år jubileum. Me vitja Troll Aktiv på Syrtveit som er ein av dei største vandreheimane i landsdelen når det gjeld overnattingskapasitet. Dersom dei tek i bruk heile arealet så har dei sengeplass til rundt 180 personar. Dette kunne Yvonne Zakariassen fortelje oss. Yvonne er ein av dei få heilårstilsette ved Troll Aktiv. «Ho veit alt du treng å vete» fekk me høyre frå administrerande direktør, Tim Davis.
Yvonne kunne fortelje at så langt er marknaden ekkå grann tregare enn fjoråret, men det er ikkje tale om ein dramatisk nedgong. Troll Aktiv som he vore arbeidsplassen hennar dei siste 8 åra, har stadig vakse. Berre i hytter og hus er det i dag over 80 senger. I tillegg til dette kjem lavoar som ville kunne take i mot kring 100 personar om det vert naudynt. Yvonne måtte vedgå at det ikkje er så mange som ko
kjem til fots, dei fleste som vitjar vandreheimen på Syrtveit kjem på hjul i ei eller anna form. Den blide jenta er dyktig til å marknadsføre verksemda ho arbeidar for, det skal ho ha. «Du må få med at me og har tilbod om over 20 aktivitetar for dei som kjem», sa ho då eg takka for serveringa og var på veg ut dynna. Eg er aldri i tvil om at vitjande, til fots eller på hjul, vil bli teken godt hand om av Yvonne!

Kai Madisson frå Estland og Yvonne Zakariassen frå Evje serverte frukt, kaker og kaffe i samband med 100 års markeringa til vandreheimane.
HOSTELLING INTERNATIONAL
Berre i Noreg er 75 vandreheimar som er medlem av denne samskipnaden. Det heile byrja som sagt for 100 år sidan og det var den tyske læraren Richard Schirrmann som var oppteken av at elavane skulle reise på tur og oppleve nye stader som var utgangspunktet. Det byrja med at han tok i bruk skular som ikkje var i bruk. Ungdomsherberget var skapt. Det fyrste som vart opna i Noreg var i Trondheim i 1930. I dag finnast over 4000 vandreheimar i 89 land over heile kloda. Organisasjonen hadde i 2008 like mange medlemmar som det finnast fastbuande i Noreg. I 2008 hadde dei 37,5 millionar overnattingar kor 331 500 var i Noreg.





