Det er fest hjå dei tilsette i Teknisk & Plan i Åseral no om dagen. Fyrst kom det trillande inn ein brenn ny japansk firehjulstrekkar framføre verkstaden. Motoren hadde ikkje rukke å verte kald før det nye arbeidsantrekket kom med sendebod frå byen. Eit antrekk for årstida. Unisex vert det vist kalla på godt nynorsk. Det er no slutt på sveitting under knehaser og andre meir intime stader. Luftig og godt. Slik det sømer seg for tilsette i uteseksjonen. Kommunetilsette i Åseral kommune. Dagleg leiar, Kjell Ljosland var snar om å prøve ut den nye kolleksjonen. Han hadde ikkje meir enn fenge på seg «kilten» før resten av arbeidslaget for inn i omkledningsromet. Jolenissen var kome til Åseral- i byrjinga av juli. Snøfritt og med 30 varmegrader i skuggen!

"Vilt, vakkert og vågalt" var ord som vart nytta i samband med utprøvinga av sumarantrekket til Teknisk & Plan i Åseral kommune. Her ved dagleg leiar for uteseksjonen, Kjell Ljosland.





