x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Pengene strøymer inn i klubbkassa til Otra IL

pengerSidan tidleg i mars månad he det vore mogleg for spelarane hjå  Norsk Tipping å gjeve bort fem prosent av av innsatsen til eit friviljug lag – eller ein organisasjon. Det er dette prosjektet som i det offentlege rom vert omtala som «Grasrotandelen.»  Så langt he meir enn 340 000 spelarar funne seg ein grasrotmottakar som dei meiner fortener ei slik støtte.  Resultatet er at meir enn 11 000 ulike lag og samskipnader no fær naudsynte tilskot frå desse kundane hjå Norsk Tipping. I Aust Agder er det Otra IL som er den suverent største mottakaren med heile 91 578 kroner. På andre plass kjem Amazon Grimstad FK , kr 56384  og på 3. plass i fylket finn me Lillesand Idrettslag med kr 48 197. Heilt i botnen på denne Topp 20 – lista ligg førebels Gjerstad Idrettslag med eit tilskot på kr 14 499. Otra sin lut av utbytte tilsvarar omlag 10 prosent av heile den lokale potten på totalt 1.072.000 kroner.

Stengt for kommentarer.