Kvar sumar dei siste åra har dei pakka bilen heime i Svolvær og Bodø for å reise til Evje for å delta på Evje Open International. Eit bowlingstemne med ein status nasjonalt som ikkje mange andre har. I heile 11. dagar skal dei kjempe om det gjeve trofeet og kvalifisering til World Cup. 182 mil er ingen reiseavstad dersom interssa for bowling er stor nok! Det er eit maratonarrangement som gjeng føre seg på Evje Bowlingklubb i desse dagar. Tevlinga startar klokka ni om morgonen og dei siste dreg ikkje heim att før lenge etter midnatt. Forutan tilreisande frå Svolvær og Bodø så kjem det og deltakarar frå Trondheim, Molde, Bergen og det meste av sør Noreg. Det kjem og to aktørar frå USA. Med stønad frå Setesdal Regionsråd har det vore mogleg å hente to deltakarar frå den Amerikanske proffliga, til Evje.

Dei er med som foreldre og supportarar. Frå Vågan Bowlingklubb i Svolvær og Polarteam i Bodø. 364 mil tur/retur. Frå venstre Are Hansen, Rigmor Holdal, Randi Jakobsen ogv Jon Arne Jakobsen.

16-17 timer med bowling kvar dag. 11 dagar til ende. Evje Open International er ei maratontevling.





