x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Utandørs filmframsyning.

roots 075For femte året på rad vert det skipa til utandørs filmframsyning i samband med den vidgjetne musikkfestivalen – og folkefesten som vert halden i Eikerapen denne sumaren. Onsdag den 29. juli vert den mykje omtala spelefilmen » Grease » synt fram for møtelyden. Åstaden er på den store parkeringsplassen inne ved hyttefeltet. Lesebrillene kan du leggje att heime i stova. Filmen vert synt på ein skjerm som målar heile 6 x 12 meter. I «Kinosalen» er det plass til omlag 150 bilar. Du må truleg vere ute i god tid for å sikre deg ein god plass.

Såkalla » AmCars» vert lova gratis inngong for 1 person pr bil, og vert oppmoda om å møte fram seinast kl 21:45.  Andre, og meir miljøvenlege  bilar, japanske, tyske – og koreanske, kan køyre inn framføre kinolerretet klokka 22:00.roots 064

Alt vert lagt til rette slik at dette skal verte ein gild og minnerik kveld. Du kan sjølv vele om du vil høyre lyden frå filmen beinveges på din eigen bilradio – eller om du vil få den servert frå Eikerapen sitt eige, kraftige høgtalaranlegg. Du skal heller ikkje site korkje svolten eller tyst medan John Travolta og Olivia Newton John sleikjar kvarandre på det mest heftige, fleire stader på lekamen.. Eigne serveringsdamer, på rulleskeiser, vil trille fram og attende mellom bilane og servere god mat – og høveleg drikke. Billettar til framsyninga vert seld » i dynna.»roots 069

Stengt for kommentarer.