Ikkje rart han er i godlag om dagen, adjunkt m/ opprykk, Egil Kjebekekk frå Ånelandsbygda i Evje. Denne umåteleg gilde guten driv eit mønsterbruk på heimegarden. Ein og annan sau finnast visseleg i uthuset, men det er som hønebonde Kjebekk he slege seg fram. Både kvite – og svarte høner. No vert det endå eit oppsving på garden. Egil Kjebekk er tildelt 16.807 kroner i såkalla SMIL-midler til rydding av kulturlandskap kring hus og heim. Eit kvalitetsteikn og ei stadfesting av at det framleis er penger å tene på høner. Dette er samstundes eit teikn på at det framleis er høve til, og fullt ut økonomisk forsvarleg, å satse på såkalla småskalalandbruk i dei indre bygder. SMIL-midler er ei forkorting for » Spesielle miljøtiltak i landbruket.» Tilskota skal gå til tiltak ut øve det som ein kan forvente eller krevje av vanleg landbruksdrift. Moisund.com gratulerer med tildelinga, og me vil sjølvsagt fye dette prosjektet tett i åra som kjem.





