Hornnesjenta Sigrid Kallhovd he teke på seg ei tøff oppgåve i samband med skyttarstemnet. Nå skal me skunde oss å leggje til at Sigrid er ei tøff jente – så dette klarer ho himla greit. Ho er restaurangsjef under Landsskytarstemnet, og dette er ei verksemd det er verkelege dimensjonar øve.I det store teltet, på stemneplassen, vert det bordsete for 300 pesonar under same tak – og kring 50 personar på utsida. Her skal det serverast middag kvar einaste dag. Kjøttkaker kvar dag. Rundt reikna 15oo porsjonar. Så skal det serverast både fiskesuppe og Setesdalsuppe.
I tillegg til kjøttkakene ver det servert ein alternativ middagsrett , med tilhøyrande salathaugar av alle slag. Fleire dagar i samband med stemnet ver det rigga opp store grillar på utsida av teltet. Ein fagmann frå ”Stabburet” vert tilstades for å hindre dei største, brunsvidde katastrofene.
Det meste av maten kjem frå lokale verksemder. Kortreist og god mat. Pernille Kafeteria på Evje skal levere vaffelrøre, baguettar og tusenvis av matpakker.

Ho kan ordne det meste, Sigrid. Dersom hugen etter ei stompeskjeve vert for påtrengjande så finn ho truleg ei løysing på det og.
Setesdal Mat på Evjemoen skal levere alt av middagsmat, supper og salater. Sigrid lover at alle skal få mat. Nok mat – og god mat.
Stein Uleberg er sjef på Setesdal Mat. Han he det meste under kontroll. For verksemda han driv er dette ei stort oppdrag, men Uleberg seier dei he kapasitet til å auke produksjonen til det tredobbelte dersom det skal syne seg naudsynt. For å vere heilt på den sikre sida så he dei til ei kvar tid 1 tonn med velsmakande lapskaus ståande på kjøleromet. Reserveproviant kallast slikt.

Sigrid Kallhovd og Stein Uleberg.
Dersom restaurangsjefen, Sigrid, gjev beskjed om meir varm mat, ja då må Stein Uleberg skru på komfyren rimeleg kjapt. Sigrid he lova nok varm mat til alle. 1500 – 2000 personar kvar dag. Den jenta held ord. Det skal ho i alle fall ha.

Det vert nok ein del tunge løft for Sigrid i vekene som kjem. Saman med eit arbeidslag på 12 - 15 personar vil ho syte for god mat og god drikke. Kvar dag til ende.





