x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Han fekk ein utfordrande start på pensjonisttilværet.

Ingvar

Ingvar Aarhus frå Songdalen vart pensjonist den 1. juni i år. Sidan tidleg i juli he guten ligge i campingvogn i nordre leir på Evjemoen. Her traff me på ei verkeleg eldsjel. Ingvar he hovudansvar for all innkvartering i tilknytning til Landsskytterstevnet 09. Eit puslespel du knapt kan ane omfanget av. Heile nordre leir er delt opp i ruter, omternt som i eit kryssord. Nummerert og lagt inn i eit eige program på internettapparatet til Ingvar. Meir enn 1100 telt og campingvogner skal snart setjast opp på eit nøye avgrensa område. Gjestane he sjølv veld – og tinga plass på internett. På verdsveven.

I tillegg hadde innkvarteringssjef Aarhus sikra seg to mannskapsbrakker i søndre del av leiren. Her vart det fullt tidleg i prosessen. Det er tydeleg mange som kan  tenkje seg ei veke på sovesal, med vask og felles toalett nederst i korridoren. Røykjing forbode – og mimrestund om den tida då dei tenestegjorde i Kp.B – tropp 2. På Evjemoen.

Ingvar Aarhus lovar gode tilhøve - og grønt gras når fleire tusen campingturistar okkuperar Evjemoen i byrjinga av august.

Ingvar Aarhus lovar gode tilhøve - og grønt gras når fleire tusen campingturistar okkuperar Evjemoen i byrjinga av august.

Leirområdet på Evjemoen er nærast perfekt til føremål som dette. Dei sanitære tilhøva er heilt optimale, og gjestane som kjem til bygda he truleg aldri opplevd maken. 80 dassar med rennande vatn – og 80 dusjar bør dekkje dei mest elementære behov. Ingvar ser likevel ei utfordring  med at alt dette til ei kvar tid skal haldast gullande reint – og innbydane.  Det ordner seg nok, seier den lågmælte Songdølen og ser på klokka. Han må vidare til møte med leiinga i Evjemoen Næringspark. Gilde folk som han he eit framifrå samarbeid med. Dei er avhengige av kvarandre.

Det vert ikkje før midtvegs ute i august månad at Ingvar Aarhus kan pakke ned telt, campingvogn, primus og sandaler – og setje kursen mot Brennåsen. Landsskyttarstemnet er heilt avhengig av ildsjeler som Ingvar. Fantastisk.

I år vert dette sumarbustaden for Ingvar aarhus. Fyrste sumaren som alderspensjonist. Den travlaste sumaren i manns minne.

I år vert dette sumarbustaden for Ingvar Aarhus. Fyrste sumaren som alderspensjonist. Den travlaste sumaren i manns minne.

Stengt for kommentarer.