x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

«Ljoslandsjenton»

ljoslandsjenton.550Me kan her og no kringkaste kva som vert eit av mange musikalske høgdepunkt i sambamd med musikkstemnet på Eikerapen seinare denne månaden. » Ljoslandsjenton» skal halde konsert i Åseral kyrkje, sundag den 2. august. Dette vert ei oppleving som truleg vil samle fulle benkjerader i det vigsla huset i Kyrkjebygd. Jentene er fødd – og oppvaksne på Ljosland, den vesle fjellbygda heilt nord i kommunen. Her talar me altså om ekte åsdølar.  Eit, av mange, døme på unge talent som denne fjellbygda he fostra opp.

Det er visst slik at «Ljoslandsjenton» trivast best når dei kan tralle i veg på feiande flotte Country-låtar. Dei er likevel så røynde etter kvart at  dei spelar og syng det aller meste innan fleire ulike musikkstilar. Dei legg gjerne opp spelelista etter kva slag publikum dei skal underhalde. Slikt tyder på høgt musikalsk nivå. På «rootsen» stiller syskjenflokken med fullt band og med svingjande melodiar som truleg vil tilfredstille dei fleste av tilhøyrarane. Rykta vil ha det til at «Ljoslandsjenton» i samband med konserten i Åseral kyrkje he samla i hop eit knippe med spanande musikarar. Kven dei er – og kva dei skal spele fær me vete den fyrste sundagen i august. Då sjåast me i Kyrkjebygd.

Systrene Jorunn, Kristin,Gunvor og Sigrunn Ljosland.

Systrene Jorunn, Kristin,Gunvor og Sigrunn Ljosland.

Stengt for kommentarer.