Klokka 10:00. På slaget vart ordførar Bjørn Ropstad introdusert øve høgtalarane på utsida av Sparebanken. Det var klart for offisiell opning av årets festival i Evje sentrum. Mørke tunge skyer i alle retninger. Himmelkvelven var beksvart. Ikkje ein stol var oppteke. Ikkje eit menneskje å sjå. Dette teikna ikkje godt for årets jordberfestival. Dei einaste tilhøyrarane var ein representant frå den lokale pressa, samt friviljuge som skulle selje jordber og lodd. Aldri nokon gong tidlegare he vel ordførane tale for ei skrinnare forsamling i samband med ei offesiell opning. Museums-opning inkludert. Straks talen var ferdig strøymde folk til (sjølvsagt utan at dette hadde noko med talen å gjere). Folk var svoltne på jordber med fløyte på. Då redaksjonen reiste frå sentrum, med vondt i magen, etter halvannan time med jordbereting, var det brått ikkje ein ledig stol å finne på stemneplassen.. Det vart ein jordberfestival etter godt gamalt merke. Sven spela sven(sk)topp musikk. Geir Magne Feed promoterte. Rune Leifsen serverte fløyte. Tony åt jordber. Ja alt var som det skulle vere. Den femtande jorberfestivalen vart ein ny suksess, trass ei dårleg vermelding!

I byrjinga såg det dårleg ut......

Etter kvart vart det trongt om plassen.

Geir Magne Feed stod nærast i stram giv akt då ordføraren tala. Slik det sømer seg for ein gamal befalingsmann.

Harry Reiersdal nytta høvet til å syne fram dama si.

Medan regnet hølja ned i drabantbyane rudt Evje, så var det opphaldsver i sentrum.





