x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Oddmund skapar bylgjer hjå vitskapen.

DSCF4459Oddmund Strømstad gjeng ikkje mange steg bort frå stoveglaset utan at han he med seg fotograferingsapparatet. Dette he resultert i mange fine bilete frå vårt langstrakte land.  Nyleg var han og kjærasten,  Ingveig,  på biltur til meir nordlege himmelstrok. Mellom anna køyrde dei den vidgjetne Atlanterhavsvegen.  Ein ettermiddag i sist veke rigga dei seg til for ei aldri så lita rastepause på Averøya i Møre og Romsdsal. Kloss attmed riksvegen.Oddmund kraup langs bakken blandt stein, grus, vesalt gras – og vaiande sumarblomar. Framføre seg skudde han fotograferingsapparatet. Brått fekk han auge på eit sjeldant syn. Ein sjeldan sumarfugl. » Seksflekket Bloddropesvermer». Oddmund fyrte laus og festa motivet til minnebrikka. DSCF4459

Oddmund tek kontakt med sambygdingen sin, Arild Breistøl. Eldste son etter Lars Breistøl, hovudfag i biologi og ekspert på insekt. Tilsett på universitetet i Bergen. Meir treng me eigentleg ikkje seie. Fagmann frå øvste hylle. Oddmund fær stadfesta at denne sumarfuglen  aldri tidlegare, i moderne tid, er observert på Averøya . Slikt kallar me for eit blinkskot. Om dei biologiske og / eller zoologiske lærebøkene må skrivast om etter dette, ja det veit me i skrivande stund ikkje noke om. Det vert det truleg opp til Arild Breistøl å avgjere.

Stengt for kommentarer.